Assisterande direktør


Søknadsfrist: 07.01.2019 - utløpt

Forsvarsbygg stab har ansvar for å leggje til rette for heilskapleg strategisk styring i Forsvarsbygg. Det vil seie at staben har overordna ansvar for å ta omsyn til heilskap og samanheng mellom strategiar, planarbeid og styring. Staben har ansvar for Forsvarsbygg si verksemds- og eigedomsutvikling, overordna strategiar, risikostyring, internkontroll, kvalitetsleiing, førebyggjande tryggleik, samt fagleg ansvar for Forsvarsbygg sin samla økonomifunksjon. Staben skal setje i verk oppdrag og føringar frå Forsvarsdepartementet i verksemdsstyringa av Forsvarsbygg. Staben skal gjennom planarbeid og analyse leggje til rette for faktabasert og heilskapleg planlegging og eigedomsfaglege råd. Staben har særskild ansvar for langsiktig planlegging og utvikling av eigedomsporteføljen til forsvarssektoren slik at denne er tilpassa Forsvaret sine behov og langsiktige utvikling.

Til å leie staben til Forsvarsbygg søkjer vi etter assisterande direktør, som rapporterer til direktør Forsvarsbygg. Assisterande direktør vil vere fast vikar for direktør Forsvarsbygg.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å starte oppdrag og føringar frå Forsvarsdepartementet i verksemdsstyringa av Forsvarsbygg, samt den overorda og daglege dialogen med departementet knytt til styring og økonomioppfølging.
  • Overordna fagleg ansvar for Forsvarsbygg sin samla økonomifunksjon inkludert økonomistyring og analyse, konsolidering av rekneskap, rapportering og budsjettarbeid.
  • Ansvar for verksemdsstrategien og andre sentrale strategiar og polycies til Forsvarsbygg.
  • Identifisere og prioritere verksemdsovergripande utviklingsprosjekt.
  • Staben skal ta hand om heilskap og samanheng mellom styring og strategiar.
  • Ansvar for utgreiingar og rådgjeving innan eigedomsstyring ift forsvarssektoren sine behov for eigedom, bygg og anlegg.
  • Overordna ansvar for kvalitetsleiing, internkontroll, risikostyring og tryggleik.

Kvalifikasjonar

  • Relevant masterutdanning
  • Relevant erfaring og kan vise til gode resultat
  • God forståing for politikk og offentleg verksemd
  • Det er ønskeleg med kjennskap til byggje-, eigedoms- og anleggsbransjen og/eller forsvarssektoren.
  • God i skriftleg og munnleg norsk og engelsk
  • Ønskeleg med erfaring frå offentleg sektor
  • Det krevjast tryggingsklarering på nivå Strengt Hemmeleg/Cosmic Top Secret ved tilsetjing

Eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar
  • Gode relasjonelle dugleikar
  • Evne til å tenkje heilskapleg og strategisk
  • God verksemdsforståing
  • Gode analytiske evner
  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonseigenskapar

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Løn som assisterande direktør (kode 1061) frå kr. 1 182 000 (ltr. 96) til kr. 1 290 000 (ltr. 101). Endeleg lønsplassering gjerast etter vurdering av kvalifikasjonar.
  • Faglege utfordringar og spanande arbeidsoppgåver
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar i Statens pensjonskasse

Til søknad
   Tilbake til ledige stillinger

Assisterande direktør

Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, byggjer, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevjande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger og Trondheim. Forsvarsbygg har som målsetjing at arbeidsmiljøet vårt skal pregast av å vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi ønskjer difor ei verksemd der alder, kjønn og etnisitet mellom dei tilsette er balansert. Vi ønskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som kan påverke bedriftskulturen positivt gjennom den personlege og faglege kompetansen sin.
Til søknad

CAPUS AS

E-post: adm@capus.no
Telefon: 22 94 11 00

Personvernerklæring/cookies

© 2019 Capus AS

Adresse: 
Essendropsgate 3
0368 Oslo

Spørsmål?

Hva kan vi hjelpe deg med?